Overnatting på Stranda

  • Stranda Hotel - Visit Stranda

Stranda Hotel

Stranda Hotel er eit sjarmerande distriktshotell ved billedskjønne fjell, fjordar og fossefall.
Vi ligg midt i smørauget av destinasjonar i verdsklasse! Vi snakkar topp 5 i fjord Noreg med namn som Geirangerfjorden, Ålesund, Hjørundfjorden, Trollstigen, og Briksdalsbreen, alle i vårt lokalområde.

 

Stranda er så heldige å ligge midt i det beste matfatet på Sunnmøre. Vi har sterke hjørnesteinsbedrifter med eit stort marknad både nasjonalt og internasjonalt. Vi snakkar om kjøttvarer, spekemat samt laks og ørret i tillegg til eitt breitt utval innan lokale ølbryggeri. Dette tek vi med oss inn på hotellets kjøkken til fordel for våre gjestar!

God mat og drikke utgjer for mange det lille ekstra, for oss utgjer det alt.

Vi har svømmehall, kurs og konferansesalar, restaurant og to barar, og er vertskap for mange ulike tilbod og arrangement gjennom heile året. Vår store hotellhage ligg idyllisk og stille til ved lakseelvva, Storelva.
Restaurant ANNA på hotellet rommar opp til 200 personar.
62 rom med 116 senger gir oss mange muligheter til små og mellomstore grupper.

Vi spelar på lag med naturen og tilbyr mange spanande konsept i kombinasjonar vinter som sommar.
SKI & BO, DANS & BO, KURS & BO, SYNG & BO, EVENTYR & BO og så vidare

Så kjekt at de vil til Stranda -ein liten stad i verdsklasse!