Furset Café

På toppen av stolheisa på Fursetsida finn du vår mest intime serveringsplass med koseleg kaféstemning. Her kan du nyte ein god kaffi, varm kakao, brus, øl eller vin, samt vår oppvarma krydra øl eller prøve ut vår glüwine. Vi serverar nysteikte bollar, muffins, sveler, vaflar m.m. Spekemat frå skinkehovudstaden Stranda, gode pølser, supper og risgraut høyrer og til på menyen! Vi byr på personleg service og matglede på vår koselege fjellkafé – velkommen heim til oss på Furset Café!